Kontrollutvalet i Fedje kommune

Kontrollutvalet i Fedje kommune

Kontrollutvalet 2015-2019

Kontrollutvalet skal føre tilsyn med Fedje kommune sin forvaltning av økonomi og vedtak på vegne av kommunestyret. Kommunestyret vel kontrollutvalet. Utvalet sitt arbeid vert regulert av Kommuneloven §77 og eigen forskrift. Kommunestyret vert førelagt kontrollutvalet sine rapportar og tek stilling til oppfølging.

Kontrollutvalet

Medlemmar og vararepresentantar

Erling Walderhaug (leiar)

Inge Waage (vara)

Anna Marit Storemark (nestleiar)

Torild Moldøen (vara)

Inger Steinsbø

Beate Hop Ophaug (vara)

 
 
Leiar kan kontaktast på erlingwald@gmail.com eller tlf 951 90 637
 
 

Sekretariat

Nordhordland Utviklingsselskap IKS står for sekretariatet for kontrollutvala i kommunane i Nordhordland.

Sekretær for kontrollutvala er Tonje Husum Aarland.
E-post: tonje.husum.aarland@nordhordland.net
Tlf. 928 58 413 (mellom kl. 08.00 - 16.00)
www.regionnordhordland.no

Du kan også senda førespurnadar til kontrollutvalet i vanleg post til:

Kontrollutvalet i Fedje kommune
Nordhordland Utviklingsselskap IKS
Postboks 13
5902 Isdalstø

 

Om rolla til kontrollutvalet

Kontrollutvalet fører fortlaupande tilsyn med den kommunale forvaltninga på vegne av kommunestyret, og ser til at kommunen har ein forsvarleg revisjon. Tilsyn med forvaltninga utførast gjennom revisor sitt arbeid med rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon og selskapskontroll. Kontrollutvalet kan også gjennomføra eigne undersøkingar.

Kontrollutvalet er ikkje eit klageorgan, og kan difor ikkje handsama klager på einskildsaker. Viss det ligg føre tips til kontrollutvalet om høve som dei bør undersøka nærare, vil det vere ein fordel om dette i størst mogleg grad er basert på konkrete fakta. Tips eller varsling kan du senda i post eller e-post til sekretariatet.

Web levert av CustomPublish