barnevern konsultasjonsteam

Konsultasjonsteam for barn/unge utsett for vald og/eller seksuelle overgrep

Her finn du informasjon og møteplan for konsultasjonsteam 2018/2019

Kva er konsultasjonsteamet ?

Konsultasjonsteam for barn/unge som er utsett for eller vitne til vold og /eller seksuelle overgrep er eit felles tverrfagleg team for kommunane Fedje, Austrheim, Meland og Radøy. Teamet  skal bidra med råd og rettleiing til dei som arbeidar med barn.

Konsultasjonsteamet kan kontaktast når ein er uroa, eller har mistanke om seksuelle overgrep, vald eller anna mishandling mot barn. Vi gjev og råd og rettleiing når barn forgrip seg seksuelt mot andre barn.

Alle som arbeidar med barn/unge og opplever ei bekymring kring barn som har eller kan ha vore utsett for eller vitne til vald  og seksuelle overgrep kan be om konsultasjon/råd. Sakene vert handsama anonymt, med mindre det ligg føre samtykke frå dei det gjeld.  Det er ingen krav  om skriftleg framstilling og det vert ikkje skreve referat frå møtet .

Konsultasjonsteamet har fokus på avdekking, sikring og hjelp. Dei som sit der har kunnskap om kva instansar som har ansvar og kompetanse til å kunne gje hjelp/handsame saka.

 

Kven kan vende seg til teamet ?

Konsultasjonsteamet tilbyr fagleg bistand i form av råd og rettleiing til alle som gjennom sitt yrke eller på anna måte kjem i kontakt med barn.

Den som søkjer råd møter sjølv i teamet , saman med sin leiar eller ein kollega,  og legg fram  saka .

Privatpersonar eller andre som har mistanke om at eit barn vert utsett for vald eller seksuelle overgrep kan og ta kontakt.

 

Korleis ta kontakt ?

Saker ein ønskjer å drøfte kan meldast inn til barnevernleiarane i Austrheim/Fedje, Meland og Radøy:

 

Tlf: 56 17 10 00

 

 

Teamet har faste møte om lag 1 gong pr. månad . Møtedatoar er lagt ut på kommunen sine nettsider. Vi kan og ta  ekstramøte dersom det er behov for det.

 

Møteplan   for konsultasjonsteam vald/overgrep – barn/unge skuleåret 2018 /2019

for kommunane Austrheim, Fedje, Meland og Radøy

 

Høsten 2018:

Onsdag

19.september

Onsdag

10.oktober

Onsdag

7.november

Onsdag

5.desember

 

Våren 2019

Onsdag

9.januar

Onsdag

6.februar

Onsdag

13.mars

Onsdag

10.april

Onsdag

8.mai

 

Tidspunkt: 9:00 til 12:00

Sted: BUP-Nordhordland

Web levert av CustomPublish