Sævrøyna, Lauvøyna og Ulvøyna sett frå lufta. Foto: Lasse Tur (2011)

Sævrøyna, Lauvøyna og Ulvøyna sett frå lufta. Foto: Lasse Tur (2011)

Kommunereforma i Nordhordland

Hausten 2014 vart alle norske kommunar invitert til å delta i ein omfattande reform, der målet er færre og større kommunar. Alle kommunar er pliktige til å utgreie ein ny kommunestruktur.

Kommunane Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Meland, Modalen, Lindås, Radøy og Solund har gått saman om å gjennomføra ei felles utgreiing om ny kommunestruktur i Nordhordland. Regionrådet er oppmoda om å leggja fram eit forslag til felles utgreiing basert på tilråingane frå Telemarkforsking. Forhandlingsutvalet består av tre representantar frå kvar kommune. Kommunestyret har peika ut representantane frå Fedje.

 

Følg prosessen fram mot 'deadline' i kommunereformprosessen

Innan sommaren 2016 skal alle kommunar ha tatt endeleg standpunkt - vil dei slå seg saman med andre kommunar eller stå aleine? Region Nordhordland følgjer prosessen i regionen tett på sine nettsider.

Me har samla ulike dokument knytt til kommunereforma i Nordhordland i ei samlesak (saksnr. 15/297). Sjå dokumenta her. Nedanfor finn du ulike rapportar, samt møtereferat og anna frå dei første møta i forhandlingsutvalet i Nordhordland. Dokument frå seinare møte finn du på regionnordhordland.no.

 

Rapportar og råd til kommunane:


Kriterier for god kommunestruktur (Regjeringen.no)

Framtidens kommunestruktur – kommuner med ansvar for egen utvikling

Kommunereformen og kommunar utan landfast forbindelse.pdf

 

Frå den lokale prosessen i forhandlingsutvalet:

 

Møte 27. mai 2015

Protokoll forhandlingsutvalet 27.05.15.pdf

Sak 11 i møtet 27.05.15 - Oppsumering gruppearbeid.pdf

 

Møte 24. august 2015

Protokoll forhandlingsutvalet 24.08.15.pdf

 

Møte 9. februar 2016

Protokoll forhandlingsutvalet 09.02.16.pdf

Sak 2 i møtet 09.02.16 - Presentasjon frå Modalen om kraftinntekter.pdf

 

 

 

Web levert av CustomPublish