Fedje kommune har saman med Austrheim kommune tilsett kommunepsykolog

KOMMUNEPSYKOLOG

Fedje kommune har saman med Austrheim kommune tilsett kommunepsykolog i 100 % stilling frå 1. august 2016. Psykolog Julia Nævdal vil ha 20 % av stillinga si i Fedje kommune og er vanlegvis på helsestasjonen på Fedje kvar onsdag.

Tenesta er eit lavterskeltilbod og har både eit førebyggjande og behandlande fokus. Den er gratis. Psykologen vil i særleg grad retta tenesta si mot barn og unge, flyktningar  vaksne med psykiske vanskar.

Kontaktskjema til psykisk helse i Fedje kommune finn du her.

Web levert av CustomPublish