Kommunen sitt arbeid mot næringslivet

Ordførar, rådmann og samfunnsutviklar hjelper til med formidling og rådgjeving. Samfunnsutviklar er òg rettleiar for etablerarar og er tilknytta nettsida Kom-an.no.

 

I Fedje kommune legg me vinn på å ha eit nært og konstruktivt samarbeid med våre næringsdrivande. 

Gjennom Fedje Maritime Næringsråd (FMN) har kommunen og næringslivet ein viktig møteplass. Samfunnsutviklar sit som sekretær i næringsrådet. Fedje kommune er tilknytt Regionrådet Nordhordland IKS, Postboks 13, 5902 Isdalstø. Regionrådet fungerer som servicekontor for næringslivet i heile regionen.

For informasjon om kommunal næringsstønad og andre moglegheiter for stønad, sjå Støtteordningar.

Web levert av CustomPublish