Fedje sitt kommunevåpen synar to skråstilte årar i sølv mot ein blå bakgrunn. Det er laga av teiknar Even Jarl Skoglund og godkjend i statsråd 13. juni 1990.

Fedje sitt kommunevåpen synar to skråstilte årar i sølv mot ein blå bakgrunn. Det er laga av teiknar Even Jarl Skoglund og godkjend i statsråd 13. juni 1990.

Kommunal planstrategi 2017-2020, framlegg til offentleg ettersyn

Fedje formannskap har gjort vedtak om å legga ut til offentleg ettersyn framlegg til kommunal planstrategi for perioden 2017-2020, i medhald av plan- og bygningslova § 10-1.
 

I tråd med lova tek framlegget føre seg utfordringsbiletet i den lokale samfunnsutviklinga, gjer ei vurdering av behova for planarbeid og set opp ei prioritering av planoppgåver i åra fram t.o.m. 2020.

Planstrategien 2017-2020 for Fedje kommune er sendt på høyring til lokale aktørar  og kommunar, regionale og statlege organ.
I samband med offentlege høyringar kan ein kvar som har ei meining om saka kome med skriftlege innspel.
Skriftlege innspel kan sendast til Fedje kommune på papir eller epost.

Fristen for å kome med uttale til planstrategien er 02.12.2016. Planstrategien ligg til offentleg ettersyn på kommunehuset i Fedje kommune og på Fedje bibliotek. Planen kan du óg finne ved å følgje lenkja heilt nedst i artikkelen.

Merknader kan ein senda innan 2.desember 2016 til:
Fedje kommune, Stormarkveien 49, 5947 Fedje, eller til; postmottak@fedje.kommune.no

Du finn framlegget til planstrategi her. PDF document ODT document

Web levert av CustomPublish