Kommunal næringsstønad

Det er mogleg å søkja om næringsstønad frå Fedje kommune. Her finn du informasjon om kor søknaden skal sendast, og du kan elles lesa meir om kva prioriteringar kommunen har ved tildeling av stønad.

Næringsstønad frå Fedje kommune er i dag generelt avgrensa til mindre beløp. Tidlegare ordning med kommunale næringsfond er avvikla. Med dei midlane som ut frå gjeldande budsjett er tilgjengelege til næringsstønad, prioriterar kommunen:

  • færre tiltak og målretta bruk av verkemidlane.
  • større krav til resultat og målbar effekt av dei tiltak som vert sette i verk.
  • nye arbeidsplassar.
  • tenestetilbodet lokalt – supplement til det som alt finst lokalt.

I samsvar med kommunen sitt delegasjonsreglement (frå 2011) har rådmann fullmakter til å tildela inntil 50 000 kr i næringsstønad. Formannskapet har fullmakter til å tildela inntil 200 000 kr, medan søknadar om tilskot på meir enn 200 000 kr må til handsaming i kommunestyret.

 

Send din søknad til til Fedje kommune, Stormarkvegen 49, 5947 FEDJE, eller per e-post: postmottak@fedje.kommune.no
 

Web levert av CustomPublish