Du er her: Start

Klimaavhengige skadar i plante- og honningproduksjon og tap av sau på beite - erstatning

Tenesteomtale

Du kan søkje om erstatning for produksjonssvikt som er forårsaka av klimatiske forhold eller katastrofeprega tap av sau på beite.
Ved klimaavhengige skadar i plante- og honningproduksjon kan det gjevast erstatning ved

  • avlingssvikt
  • vinterskadar på eng
  • svikt i honningproduksjonen

Erstatningsordningane har som føremål å redusere økonomisk tap som det ikkje er mogleg å sikre seg mot.

Målgruppe

Landbruksføretak som

  • er registrerte i Einingsregisteret
  • er registrerte som meirverdiavgiftspliktige
  • kan levere årsoppgåve som landbruksføretak

Føretak med honningproduksjon som ikkje er registrerte som meirverdiavgiftspliktige, kan likevel få erstatning dersom dei har hatt ein omsetnad på minst 20 000 kroner innanfor honningproduksjon dei siste tolv månadene før tapet oppstod.

Kriterium/vilkår

Du får ikkje dekt tapet gjennom ei vanleg forsikringsordning eller på annan måte. For skadar i plante- og honningproduksjon er det i tillegg eit vilkår at du gjev melding til kommunen så snart som råd når det er grunn til å tru at du vil få eit tap.

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Du søkjer om erstatning ved å fylle ut eit skjema frå Landbruksdirektoratet. Skjemaet sender du til kommunen.

Saksbehandling

Kommunen skal uttale seg om søknaden før saka blir sendt til Fylkesmannen, som avgjer saka.

Høve til å klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom Fylkesmannen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Landbruksdirektoratet, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Tjenesten oppdatert: 29.09.2017 09:21

Web levert av CustomPublish