Bosstømming ved helsestasjonen -EVokt15

Informasjon frå NGIR

Klede, sko, vesker og belter - alt kan brukast om att

NGIR startar eit prøveprosjekt med innsamling av tekstilar. Fedje er med i prøveordninga som varar ut 2016.

Innsamling av tekstilar på di rute

NGIR startar no eit prøveprosjekt med innsamling av tekstilar på rute 14 og 15 på Fedje og i delar av Austrheim. I veke 24 får alle husstandar utlevert ein rull med 13 lilla tekstilsekkar. Desse kan du fylla med tekstilar, sko, vesker og belter. Når sekken er full, knyt du han att og kastar den oppi papirdunken din. Du må kunne leggja att loket på dunken. Første henting er 22. juni. Prosjektet varer ut året. Etter nokre månader evaluerar me prosjektet og vurderer om dette skal verta ei permanent ordning.

Ikkje lenger restavfall

Nesten alle ting me kastar kan gjerast om til ein ressurs dersom me tek hand om dei på rett måte. Slik er det og med utslitne tekstilar, klede, sko, belter og vesker. Tidlegare skulle ein kasta dette i restavfallet, og store mengder med brukbare ressursar forsvann på denne måten ut av krinsløpet. I fleire år har det vore mogleg å levera klede og sko til ulike klesinnsamlarar, og mange private har og hatt innsamlingsaksjonar til ulike prosjekt i fattige land.

Brukbare, slitte og øydelagde klede - “Fretex tek alt”

NGIR har gjort avtale med Fretex slik at me hentar tekstilane i papirdunken din og leverar dei vidare til Fretex. Tekstilane kan vera både slitte og øydelagte, men dei må vera tørre. Alle typar tekstilar kan leverast, og du kan og levera sko, støvlar, støvlettar, belter og vesker.

Sortering til ombruk, reparasjon eller gjenvinning

Alt som kjem i tekstilsekkane vert sortert og vurdert. Fretex har bruktbutikkar der dei sel både tekstilar og brukbare ting. Noko vert og reparert, til dømes med
nye glidelåsar og knappar.

Det meste kjem til nytte anten gjennom sal i butikkane eller som eksport til utlandet. Fretex redesignar og syr om tekstilar til nye former eller som nye materialar. Mykje slitt tekstil går til produksjon av pussefiller. Det som ikkje går til ombruk går til materialgjenvinning. Du kan lesa meir om Fretex sine ordningar på fretex.no

Slik gjer du

Sørg for at tekstilane er tørre. Fyll posen opp med tekstilar og knyt med dobbelknute. Legg tekstilposen i papirdunken din. Dersom du har mange posar, kan det vera lurt å fordela desse utover fleire tømme-dagar. Det er viktig at loket på dunken din kan lukkast heilt att, slik at verken papp, papir eller tekstilposane vert våte av ver og vind.

Ja takk!

• Belter, vesker og sjal
• Dukar, gardiner, handkle
• Holete og øydelagde klede
• Klede
• Mjuke leiker
  Pynteputer
• Sengetøy
• Sko, støvlar og støvlettar

Nei takk!

• Våte og tilgrisa tekstilar

Treng du fleire sekkar?

Dersom du brukar opp rullen med tekstilsekkar, kan du få fleire på kommunehuset og på Matkroken på Fedje. I Austrheim får du fleire sekkar på kommunen
sitt servicekontor. Du får og sekkar på gjenvinningsstasjonane på Litlås og i Kjevikdalen.

Har du spørsmål?

Sjå ngir.no eller send ein e-post til ngir@ngir.no

Web levert av CustomPublish