Sushi treng hentas frå Japan. Den kan óg hentas frå Fedjekysten.

Jostein Husa – Sankaren.

Dette året slutta eg i jobben som lærar for å hausta frå naturen. For å verta «Sankaren» på heiltid. Det er heilt, heilt grusamt å vere lærar. Altfor mykje måling og krav om effektivitet og produktivitet. Slik har samfunnet vårt vorte. Fylt med mas og krav.

Folk kastar altfor mykje mat. Vi har difor ein regel heime om å ikkje kjøpa ny mat før kjøleskapet er tomt. No vil eg starta min eigen matbedrift, med naturleg og kortreist mat. Eg har mange idear, som oppdrett av Rognkjeks og sal av turmat. Visste du at krafta frå Berggylta er nydeleg? Eller at grisedokketang omsettas for 5000 kroner kiloen? Havet er fylt av mat. Ikkje berre fisk og krabbe, men òg tong. Og hai. Og kråkebollar. I tillegg plukkar eg sopp i skogen. Ein kan laga suppe med hint av både skog og hav. Eller laga sushi av det du finn i havet saman med nye og gamle vener. Moglegheitane er uendeleg.

Eg har eit motto: Tør heller ting ein ekstra gong, enn å safe heile tida!

Web levert av CustomPublish