Fedjefjord i storm utanfor Skotholmen -EVdes13

Jordskjelv med EPI-senter i Øygarden i dag!

Skjelvet kunne merkast på Fedje, men dei fleste antok det berre var det sedvanlege uvêret.

– Eg merka det godt, kommunehuset rista, men eg trudde det var vinden, seier Ragnhild G.Husa. Ho og dei andre kommuneansatte sat i møte, der nokon kjente det betre enn andre.

Jordskjelvet hadde ein styrke på 3,8 på Richters skala, og skjedde klokka 09.46, i fylgje Norsk nasjonalt seismisk nettverk.

Fedjebuar Essien Etokebe kvila før nattevakt, då han merka ei buldring.

– Eg sa til kona mi at bare var torden.

Episenteret, altså utgangspunktet for jordskjelvet, låg på havbotnen rundt 5 km vest for Tjeldstø i Øygarden. Det opplyser Institutt for geovitenskap.

Yrkessjåfør Arild Helle sto på kaia på Sevrøy klokka 9.46, men merka ingenting.

– Men Øygarden er vel rett uti her, så de merka det vel kanskje betre på Fedje, eg veit ikkje.

I følgje bt.no merka ein skjelvet godt i heile Hordaland, men det er ikkje risiko for skader før styrken blir på 4,5 til 5.

Dei skriv at det kan kome etterskjelv, men det vil i tilfelle vere veldig lite.

 

Web levert av CustomPublish