Jordmor

Fedje har eit samarbeid med Austrheim om jordmorteneste.

TRENG DU LEGE ELLER JORDMOR SNARAST MOGLEG?
Ring alltid først legekontoret på Fedje 56164031. Enten får du kontakt med Fedjelegen eller Nordhordland legevakt (NLV).
Du vil få råd om kva du skal gjere om fødselen er på gang.

Er du usikker og vil snarast mogleg drøfte svangerskap og fødsel, skal du ringe det same nummeret.

Treng du time til kontroll hos jordmor Sissel Marøy, så skal du ringe til legekontoret i Austrheim 56168200. Dei vil finne time til deg ein onsdag. Du må sjølv dekke kostnad ved reisa til og frå Austrheim. Treng du time til kontroll hos legen, så kan du ringe til Fedje legekontor 56164031.Er du usikker og vil snarast mogleg drøfte svangerskap og fødsel, skal du ringe det same nummeret.

BabyTIL DEG SOM ER GRAVID

Velkommen til svangerskapskontroll.
Jordmor og lege samarbeider om kontrollane og har fortløpande kontakt om problem skulle dukke opp medan du er gravid.


VED KVAR KONTROLL:
Ver venleg og ta med urinprøve og helsekort(journal) for gravide.
Har du spørsmål eller bekymring medan du er gravid, ta kontakt med oss.
Kan du ikkje møte til avtalt tid - hugs å avbestille timen !

Med venleg helsing

Jordmor, lege og legesekretær

Web levert av CustomPublish