Nærbilete av Fiskarkvinnemonumentet

Nærbilete av Fiskarkvinnemonumentet

Introduksjon til Fedje

Fedje - Noregs vestlegaste kommune er liten, men god å bu og leva i. Her er ca 560 innbyggjarar, og avstandane i øykommunen er små. Til næraste by, Bergen, kjem ein på 1 time og 50 minutt, om ein reknar med ferjeturen. I kommunen er det rikeleg høve til mangfaldig friluftsliv både på sjø og land. Om sommaren har me sørlandsidyll og om vinteren ruskevêr.

Skal du til Fedje, må du reisa med ferje eller annan båt. Ferja kryssar fjorden tjuefire gonger i døgeret, og er som basal navlestreng å rekna. Fedje, eit lite kystsamfunn mot Nordsjøen, ei låg øy i ein heil armada av mindre øyar, holmar og skjer. Eit lite stykke Noreg ute i havgapet, og ein forpost for landet innanfor. Her bur fedjingen, og trivst med det. Det blæs frå nord, og det blæs frå sør, - og iblant er det vindstille. Ofte er det opplett, for skyene dei fer innover til fjordar og fjell.

Dersom ein går opp til utkiksposten ved Fedje Trafikksentral, ser ein at det alt vesentlege av busetnaden ligg på nordsida av øya, med utgangspunkt kring den naturlege, laguneliknande hamna Kyrkjevågen. Folk bur eigentleg i gangavstand frå kvarandre, for hovudøya er berre på 7,4 km2, og med dei 125 småøyane, holmane og skjera utgjer det heile 9,4 km2.

Å vandra til fots i kystlandskapet er ei oppleving, så langt ut mot havet at du kjenner den salte brisen og skumdrevet mot panna. Nordsjøløypa er ein del av eit større løypesystem langs med kysten i Hordaland. For menneske som er mindre vant med havet enn fedjingane, er nok synet av havet det som er mest fengslande. Her kan du sjå storhavet rett i kvitauget, som han sa, han Olav Duun.

I velferdsamfunnets nærsynte perspektiv kan det kanskje seiast at Fedje er fattig på kulturmonument, men øya har like fullt ei innhaldsrik historie, med spor av jordbruksøkonomi frå 4000 år attende, med spor av endring frå lauvskog til lynghei og menneskeskapt myrlandskap.

Ivar Aasen seier at Mellom bakkar og berg utmed havet heve nordmannen fenge sin heim, og denne synest rett å syngja på Fedje, som på Vestlandet elles. Fiskeri har tradisjonelt vore næringsvegen for fedjingane, og havet var arbeidsstaden for dei fleste mennene.

"Han såg ut på det bårute havet;
der var ruskut å leggja utpå;
men der leikade fisk ned i kavet,
og den leiken, den ville han sjå."

Fedje sitt kommunevåpen har to sølvfarga årar på blå botn, og årane kan stå som symbol for fiskaren sitt strev i kvardagen for å brødfø seg og sine.

I dag er næringsvegane på Fedje langt meir varierte. Ved Rognsvågen ligg Fedje Mekaniske Industrier. Fedje Sikkerhetssenter driv med tryggleiksopplæring for det maritime miljøet, Fedje Trafikksentral overvakar farvatnet ved Mongstad og Sture og losstasjonen yter tenester i det same området. Av tradisjonelt fiskeri er det mindre att, men i kommunen er det framleis ein kvalkonsesjon, noko som er med å setja eit eksotisk preg på staden i fangstsesongen. Også i reiselivssamanheng byrjar mindre bedrifter å etablere seg.


Vilgerd Storset Husa
Tidl. ordførar

Web levert av CustomPublish