Bilde Nils Moldøen

Intervju med ny rådmann

Etter 50 år på fastlandet vende Nils Inge Moldøen (snart 68)  attende til moderøya Fedje for å nyte pensjonisttilværinga. To år etter sit han i kommunehuset som rådmann.

Korleis fekk du jobben?

Som innbyggar fulgte eg med bekymring medie-oppslaga om Fedje i vår. Eg vart bekrymra korleis kommunen skulle klare å handtera mellomfasen, før ein ny rådmann er på plass. Dermed ringte eg ordførar og stilte mine tenestar til disposisjon. Nokre veker seinare fekk eg ein telefon: det var behov for meg.

Kva betyr det for Fedje at nettopp du er rådmann?

Eg har ambisjoner om å gjere ein god jobb den tida eg er Rådmann. Eg har sagt eg kan vere her frem til neste jul om naudsynt. Eg ønskjer at dei som arbeidar i kommunen skal få brukt sin kompetanse best mogeleg, og gjere ein best mogeleg jobb. Eg ønskjer at politikarene opplever ein god dialog mellom dei og administasjonen i kommunen. Og eg ønskjer at innbyggjarene skal oppleve at dei vert teken på alvor og får hjelpa dei treng.

Kva arbeidar du med nett no?

No arbeidar eg mellom anna med å få eit betre system når det gjelder å ta opp arbeidsmiljøsaker på sykeheimen. Dette er noko som fylkeslegen har bedt oss gjere, så det prioriterer vi.  I tillegg arbeider eg med å få til meir næring og arbeidsplasser.  Reiseliv er spanande og eg håper vi fortsetter den gode utviklinga. I tillegg har vi ein del fuglar på taket eg håper kan takast ned. Med andre ord- mykje spanande kan skje framover.

Kva er førsteinntrykket ditt, etter nokre veker i rådmannstolen?

Eg har verte teken veldig godt imot, og så langt har eg blitt kjent med mange dyktige, motiverte folk. Eg håpar og trur at dette skal gå bra!

 

faktaboks Nils.jpg

Web levert av CustomPublish