Fedje i horisonten.

Fedje i horisonten. Foto: Magnus Sunde Haaland, 2015 (student v/ NKH)

Intensjonsavtala underteikna - kva skjer no?

Intensjonsavtala om kommunesamanslåing vart underteikna tysdag 1. mars av åtte ordførarar i Nordhordland. No startar lokale prosessar. Sjå framdriftsplanen for kommunereforma her.

Med avtala på plass får kommunestyra tydelege alternativ når endeleg avgjerd om samanslåing skal takast 22. juni 2016. Intensjonsavtala finn du på Region Nordhordland sine nettsider, saman med ei helsing frå kommunalminister Jan Tore Sanner til kommunane i Nordhordland. Der finn du også innkallingar, referat og andre dokument frå tidlegare møte.

Intensjonsavtala skal no opp i kommunestyra for handsaming. Der skal politikarane gi uttale til avtala og avgjere korleis innbyggarane skal verte involverte. Framdriftsplanen for reformarbeidet i Nordhordland ser du under. 

 

Kommunereforma - framdriftsplan fase 1.JPG

Web levert av CustomPublish