Innovasjon Norge - ein medspelar for nyskaping

Innovasjon Norge kan tilby finansiell stønad, rådgjeving, kompetanseauke med meir. Dei er tilstades i fylket med eit breitt fagmiljø i Bergen.

 

 

Innovasjon Norge arbeidar for nyskaping i næringslivet, utvikling i distriktene og utvikling av konkurransedyktige norske verksemder. I tillegg profilerer Innovasjon Norge norsk næringsliv og Norge som reisemål i utlandet. Dei er representert i meir enn tretti land og i kvart fylke i Norge.

Innovasjon Norge har eit breitt tilbod til næringsdrivande og etablerarar. Av finansiell stønad tilbyr Innovasjon Norge gunstige lån, tilskot, garantiar og eigekapital. I tillegg kan dei hjelpa med nettverk og profilering, samt rådgjeving og kurs for å auka din kompetanse.

På Hordalandskontoret sit det mange dyktige folk som kan hjelpa deg som næringsdrivande eller etablerar. Kontaktinformasjon finn du på heimesidene deira: http://www.innovasjonnorge.no/no/Kontorer-i-Norge/Hordaland/

Samfunnsutviklar kan òg hjelpa med vidareformidling av kontakt om naudsynt.

Web levert av CustomPublish