HjemSkule og utdanningSkulefritidsordning (SFO)

Skulefritidsordning (SFO)

Når skulen har fri, er SFO open kl. 07.30 - 16.00 kvar dag frå måndag til fredag etter barnehageruta. SFO held til på Fedje skule ("nyeskulen").

 

Opningstider

I skuletida er SFO open klokka 07.30 - 08.30, og frå skuledagen er ferdig for 1-4. klasse og fram til klokka 16.00.


1-4. klasse er ferdig på skulen på følgande tidspunkt:

Måndag: klokka 13.50
Tysdag: klokka 12.00
Onsdag: klokka 13.50
Torsdag: klokka 13.05
Fredag: klokka 12.00.

Skule/Barnehageruta viser når SFO er open, og når SFO er stengt pga planleggingsdagar, høgtidsdagar, andre fridagar og feriar.

Det er mogeleg å søkje om plass heile året.

 

Pris

Frå 01.01.2024 er prisane for SFO slik:

1 dag kr. 589,00
2 dagar kr. 1179,00
3 dagar kr. 1768,00
4 dagar kr. 2357,00
5 dagar kr. 2946,00

Kjøp av ekstra dag kr. 230,00

 

Det vert gjeve søskenmoderasjon: 30% på born nr 2 og 50% på born nr 3.

Ein kan nytta seg av alternative tilbod, og du vel kor mange dagar i veka du vil nytte SFO ordninga. Ein betaler for det tilbodet ein vel, og det er då opp til den einskilde å bruka det i så stor grad ein har behov for.

Kjøp av ekstra dag i skuleferier: 400 kr

Sats ved for sein henting: kr 100 pr påbyrja 30 min.

 

Påmelding og endring av plass

Dei som allereie har plass i SFO treng ikkje å søke.

For påmelding, endring, og oppseiing av plass, ta kontakt med rektor Stine Nordby på e-post: stine.nordby@fedje.kommune.no 

Vedtekter

Les meir om vedtekter for Fedje SFO her

 

Moderasjonsordninga i skulefritidsordninga

Det er vedteke endringar i forskrift til opplæringslova om moderasjonsordningar i skulefritidsordninga frå og med 1. august 2020.

For elevar på 1. og 2. årstrinn kan ein søkje reduksjon i foreldrebetalinga på SFO slik at den pr. elev ikkje er over 6% av samla inntekter til hushaldet, dersom:

a)

foreldrebetalinga for eitt skoleår utgjer meir enn seks prosent av inntektene til hushaldet det siste året, eller

 

b)

det er ein varig nedgang i inntektene til hushaldet inneverande år som gjer at foreldrebetalinga for eitt skoleår utgjer meir enn seks prosent av inntektene til hushaldet.

 

For søknader før 1. august gjeld kommunen sitt vedtak frå 1. august og ut skoleåret. Blir det søkt etter 1. august, gjeld vedtaket frå første heile månad etter søknadstidspunktet og ut skoleåret.

Betaling for kost kan komme i tillegg.

Les meir her: https://lovdata.no/dokument/LTI/forskrift/2020-07-02-1492


Sist oppdatert: 05.01.2024
Publisert: 25.05.2018