Natur

Du kan sjå ein enda betre oversikt her.

 

Nordsjøløypene

Me har tre Nordsjøløyper på Fedje. Det er fint mogleg å gå alle tre i ein lang sløyfe som ein dagstur. Du kan sjå nærmare på skiltet her.

Nedanfor finn du bilete og skildringar av kor du finn inngangene til løypene.

1. Frå Brurevatnet til Træsneset/ Fyrsundet

På vegen sørover mot Stormark, om lag to kilometer frå ferjekaia, finn du inngangen til Nordsjøløypa som ligg ved Brurevatna. Her er det mogleg å parkera. Denne delen av løypa startar på grus, noko som gjer at du t.d. kan ta med deg barnevogna eit stykke innover. Den grusa delen av stien er under utviding - arbeidet er forventa å verte ferdig i løpet av sommaren 2015. Når løypa etter kvart kjem til Kvernhusdalen går den saman med løypa som går frå Fyrsundet til Træsneset. Vel du å gå til Træsneset er du nesten framme, medan turen til Fyrsundet tek lengre tid.

 

Motsatt veg: Frå Træsneset til Brurevatna/Fyrsundet

Frå Træsneset kan du gå til Kvernhusdalen. Der deler løypa seg i to. Då kan du anten gå løypa mot Fyrsundet, eller fortsette mot Brurevatna - sistnemnte kjent som "kortløypa".


2. Austløypa: frå Brurevatna til Stormark

Løypa på austsida av Fedje startar i nærleiken av inngangen til løypa frå Brurevatna til Træsneset / Fyrsundet (sjå ovanfor). Starten for austløypa kan vere litt vanskeleg å sjå (sjå bilete), men den ligg på motsett side av vegen cirka 70 meter i retning landsbyen Fedje. Løypa tek deg til grenda Stormark sør på Fedje.

Motsatt veg: frå Stormark til Brurevatna

Inngangen til løypa ligg nesten heilt nede ved sjøen, bak nausta ved Stormark hamn.

3. Frå Fyrsundet til Træsneset/Brurevatna

Om du kjem frå ferjekaia på Fedje, må du tilbakelegga vel fem kilometer til fots eller på hjul for å koma til Fyrsundet. På vegen passerer du grenda Stormark. Tvers over sundet kan du sjå den freda fyrstasjonen Hellisøy fyr frå 1855. I Fyrsundet er det mogleg å parkera. Her startar den såkalla "langløypa" som tar deg til Træsneset i nord. I Kvernhusdalen deler stien seg, og det er mogleg å ta av mot Brurevatna.

 

 

Aurihopen

Ein kort gåtur i Nordsjøløypa frå Fyrsundet finn du Aurihopen. På fine dagar er dette eit perfekt for ein piknikk for heile familien. Mange har grilla pølsane sine og tatt seg eit bad her.
 

Du kjem til Aurihopen om du går "langløypa" langs vestsida av Fedje. Aurihopen ligg skjerma til, med storhavet som næraste nabo. Ein ferskvasspoll, eit bekkefar, sjøen, steinar og småberg gjer det til ein spanande stad å utforska for ungane.


Viss du klatrar opp på haugen i vest får du ein flott utsikt over storhavet. Framfor deg ligg dei blankskurte berga som havet tærer på. Om du går utover berga ein godvêrsdag vil du bli overraska over kor langt oppover land bølgjane har "gjort reint".


Sist oppdatert: 19.01.2023
Publisert: 20.04.2018