Kulturskulen

Tone Lise Moberg er kulturskulerektor på Fedje. Ho er utdanna songpedagog og kordirigent, og var songpedagogen til vinnaren av «The Voice» i 2012. Ho gler seg til å jobbe med songglade barn på Fedje!

Tone Lise kan nås på: 

Tlf: 97 66 21 82

E-post: tone.lise.moberg@fedje.kommune.no

 

Fedje Kulturskule kan tilby musikal, pianoundervisning og songundervisning i gruppe for barn og unge i haust.

  • Pris kr 1400,- per aktivitet.
  • Søskenmoderasjon er på 50 prosent. Pris for to aktivitetar til samme barn er kr 2100,-. Påmeldingskjema finn du lengre nede på sida.

Om det er ledige plassar er det mogeleg å melde seg på, ta kontakt. Me tar dei som vil vere med på musikal løpande.

Fedje Kulturskule kan tilby pianoundervisning ein til ein, og songundervisning i grupper for barn, unge og vaksne i haust. 

Songgruppene er delte inn etter alder og erfaring.

Om Fedjemusikal:

Har du lyst til å vera med å skapa bygdehistorie? Då har du sjansen no! Dette er ein unik sjanse.😊

Likar du å stå på scenen, syngje, spela skodespel, vera morsom, eller vera BAK scenen og hjelpe til! Med Monica og Elisabeth som instruktørar tilbyr me ei Fedjemusikallinje i Kulturskulen til hausten. Ingen øvre aldersgrense! Så OM du har lyst, hiv deg på. Så kan vi få dette til! Send ein mail til Tone Lise eller skriv søknadsskjema.😉🎵 Dette blir bra.

VELKOMMEN!❤🎵

Venleg helsing Tone Lise Moberg, rektor i Fedje Kulturskule

 

Vil du gå i kulturskulen?

Du kan melde interesse via epost til Tone Lise, eller fylle ut elektronisk søkeskjema 

 

Fedjemusikal

Har du lyst å vere med å skape bygdehistorie? 

Likar du å stå på scenen eller vere med i kulissene? Likar du å syngje, danse og skape noko saman med andre? 

Då har du mogelegheita no! Elisabeth og Monica skal setje opp musikal våren 2024 og vil ha DEG med! 

Vi ynskjer folk i alle aldrar og med ulike talent. Sangstemme, humor, skodespel eller kanskje har du lyst å utfordre deg sjølv. 

Det einaste vi krev, er at du har lyst.   

 Vi tenkjer at nokon er med på jamnleg basis i Fedje Kulturskule medan andre kanskje berre kan vere med å øve av og til når det nærmar seg, MEN som sagt- det viktigste er at du har lyst og vi vil gjerne vite kven du er.»

 Helsing Monica og Elisabeth.

 Me ynskjer altså å få til ei FedjeMusikallinje i Kulturskulen der alle som ynskjer å vera med, og å få instruksjon og opplæring, mot den store framføringa våren 2024, kan melda seg på i Kulturskulen. Me håpar å kunne gje instruksjon i musikalen på jamnleg basis i Kulturskulen Det er i såfall Monica og Elisabeth som vil stå får dette.

Ingen øvre aldersgrense, bare du har lyst til å vera med! Då blir det same kontingent som på andre Kulturskuleaktivitetar.

Meir informasjon kjem!

 Føremål og plikter i Fedje Kulturskule 

"Alle kommunar skal aleine eller i samarbeid med andre kommunar ha eit musikk- og kulturskoletilbod til barn og unge, organisert i tilknyting til skoleverket og kulturlivet elles." (Opplæringslova §13-6) 

Kulturskulen sitt føremål

Formålet med kulturskulen er at elevane skal lære, oppleve, skape og formidle kulturelle og kunstnariske uttrykk. Opplæringa skal bidra til born og unge si danning, fremje respekt for andre si kulturelle tilhøyrsle, bevisstgjere eigen identitet, verte kritisk reflekterande og utvikle eigen livskompetanse. Kulturskulen skal også vere eit lokalt ressurssenter og ein samarbeidande aktør i grunnopplæringa og kulturlivet i den einskilde kommune. Kulturskulen har eit særleg ansvar for samarbeid med skuleverk, korps, kor, lag, foreiningar og frivillige og profesjonelle kunst- og kulturorganisasjonar. Eit læringsmiljø som oppmuntrar til deltaking i kulturelle fellesskap har stor betydning for motivasjonen til elevane. 

Kulturskulen skal

  • Tilby opplæring hos høgt kvalifiserte og utdanna pedagogar og utøvarar. 
  • Gje opplæring tilpassa den einskilde elev sine forutsetningar, behov og interesser. 
  • Gje opplæring innafor tydelege og faste rammer. 
  • Legge opp undervisning anten som enkeltundervisning eller i grupper. 
  • Gje både fagleg og sosial utvikling for elevane. 
  • Gjere mogleg konsertar og andre framsyningar. 
  • Ha tett kontakt med føresette. Gje tilbod om foreldresamtalar. 
  • Vere rådgivande ved kjøp av eige instrument. 
  • Gje eleven meistringskjensle og vere eit tilbod utan reservebenk. 

Eleven skal

  • Møte opp til rett tid og vere førebudd til undervisninga. 
  • Sette av tid til å vere med på konsertar, framsyningar og prosjekt utanom den vanlege undervisninga. 

Føresette skal

  • Oppmuntre og støtte borna, og legge til rette for øving heime. 
  • Ta kontakt med lærar om dei har spørsmål eller ynskjer å kome med innspel til undervisninga. 
  • Melde fråvær til læraren. 
  • Kjøpe nødvendig opplæringsmateriell etter avtale med læraren, mellom anna lærebok. 
  • Ta godt vare på kulturskulen sitt utstyr. 
  • Betale semesteravgift i god tid. Læraren kan ha fråvær inntil tre gongar i semesteret før det vert refundert pengar.  

Sist oppdatert: 12.09.2023
Publisert: 11.06.2018