HjemNæring og løyveSkjenkeløyve for opne og lukka arrangement

Skjenkeløyve for opne og lukka arrangement

Når må du søkje om skjenkeløyve for arrangement?

Du må søkje om skjenkeløyve dersom:

  • du leiger lokalet, tar betalt for alkohol eller når lokalet berre har serveringsbevilling
  • du skal servere alkohol i eit lukka selskap, til dømes bryllup, jubileum eller liknande
  • du skal ha eit arrangement som er ope for publikum, i lokale uten skjenkebevilling eller utandørs på eit avgrensa område

Unntak: Du treng ikkje søkje om skjenkeløyve dersom du låner/leiger lokale som eit alternativ til eigen heim til eit privat arrangement. Utleigar/lånar må ikkje vere involvert i arrangementet på anna måte, til dømes innkjøp, servering og utvask. Arrangementet må ikkje annonserast.

Slik søkjer du

Fyll ut skjema:

Skjenkeløyve: enkelthøve/ambulerande

Retningsliner og krav

 Retningsliner for ambulerande skjenkeløyve

Krav til søkjar

Du som søkjer må vere over 20 år

Dersom søkjar ikkje skal vera ansvarleg for skjenkinga, må du skrive kven som skal vere ansvarleg. Skjenkeansvarlig må vere over 20 år. Skal du ha ein avløysar for skjenkeansvarleg, må han eller ho også vere over 20 år. Det er ikkje nødvendig med avløysar på mindre arrangement.


Sist oppdatert: 29.06.2023
Publisert: 13.06.2018