HjemNæring og løyveJegerprøven

Jegerprøven

Jegerprøven

Vil du jakte eller drive fangst, må du først ta jegerprøven. Prøven består av eit obligatorisk kurs og ein elektronisk eksamen. Det obligatoriske jegerprøvekurset går over 30 timar og er lagt opp med både teori og praksis. Etter at kurset er gjennomført, kan du ta ein elektronisk eksamen som kommunen arrangerer. Alle jegerprøveeksamenar gjennomførast elektronisk.

Målgruppe

Personar som i kalenderåret fyller 14 år (gjelder småvilt) eller 16 år som ønskjer å drive jakt eller fangst.

Vilkår

Jegerprøven kan takast av alle som i kalenderåret er 14 år eller eldre. Opplæringsjakt på småvilt kan skje frå fylte 14 år til fylte 16 år. (Ein treng ikkje å ha teke jegerprøven.) Opplæringsjakt på storvilt kan skje frå fylte 16 år til fylte 18 år. (Her blir det kravd at ein har klart jegerprøven, og at ein har teke skyteprøven for dei artane som det blir kravd for.)

Pris for tenesta

Når du skal gå opp til eksamen, må du betale eit eksamensgebyr på 300 kroner. Gebyret skal betalast på ein fastsett giro som du får hos kommunen. Gebyret sendast til

Miljødirektoratet
Jegerprøvegebyr
Postboks 5672 Sluppen
7485 Trondheim

Kontonr. 7694.05.02728

Eksamen

Ta kontakt med kommunen for å avtale eksamenstidspunkt

Kommunen sender eksamenssvara til Jegerregisteret. Når du har fullført obligatorisk kurs og klart skriftleg eksamen, skriv kommunen ut bevis for at jegerprøven er teken.

Kva seier lova?

Forskrift om utøvelse av jakt, felling og fangst

Høve til å klage

Du kan ikkje klage på ein eksamen du ikkje har klart. Du kan gå opp til ny eksamen, og betale eksamensavgift for kvart forsøk.


Sist oppdatert: 11.01.2022
Publisert: 18.06.2018