Omsorgsbustader

Kriterier

Tildeling av bustad vil skje etter lov om kommunale helse og omsorgstenester.

For å få tildelt bustad vil det bli lagt vekt på søkjar med samansette behov for hjelpetenester. Tildeling av ein omsorgsbustad er i hovudsak mellombels.

 

Praktiske opplysningar:

Leigetakar må sjølv betale:

  • Husleige, inklusiv kommunale avgifter
  • Telefon, internett og strøm
  • Hjelpetenester som til døme heimehjelp

Evt. hjelpetenester må bebuar søkje om som om vedkommande budde heime.

 

Tildeling og oppseiing av omsorgsbustader skal gjeras av eit inntaksteam samansett av:

  • Kommunelege
  • Leiar psykisk helse
  • Pleie og omsorgsleiar

 

Oppseiing

Ved endring i helsetilstand kan leigeforholdet seiast opp. Ved flytting til sjukeheim vert oppseiingsdato satt til dato bustad er nedvaska og nøkkel levert. Ved anna flytting inkl død gjeld 3 månader oppseiingsfrist. Leietakar står sjølv ansvarleg for nedvask.

 

Søknadsskjema

Trykk her for å laste ned søknadsskjema for helse- og omsorgstenester

Trykk her for å lese om tildelingskriterium for omsorgsbustadene

Om du treng hjelp til utfylling, kan du også ta kontakt med Anita Hatlem Villanger, leiar for psykisk helse,  eller pleie og omsorg på telefonnummera over.

 

For meir informasjon, kontakt pleie- og omsorgsleiar Nadine Gutte-Preusse på: 

Tlf. 56165142

Epost: nadine.gutte-preusse@fedje.kommune.no

 

Kommunal Bustad: Fedje kommune har og kommunale bustader. Ta kontakt med kommunen på 56 16 51 00 eller epost: postmottak@fedje.kommune.no 


Sist oppdatert: 31.01.2023
Publisert: 25.05.2018