Heimesjukepleie

Kven kan få heimesjukepleie?

Heimesjukepleie er eit tilbod til deg som ikkje sjølv kan oppsøkja helsehjelp grunna sjukdom eller funksjonssvekking og som er avhengig av hjelp i eigen heim for å få dekka grunnleggjande pleie- og omsorgsbehov. Heimesjukepleia gjev òg opplæring og rettleiing og legg til rette for at hjelpetrengande personar, der det er mogleg, klarer å verta mest mogleg sjølvhjelpte. 

Alle som bur eller midlertidig oppheldt seg i kommunen, og oppfyller kriteria, har krav på hjelp frå heimetenesta. Hjelpa vert tildelt den enkelte etter søknad og etter ei fagleg vurdering. 

Tenesteinnholdet utarbeides i samarbeid med brukar ved heimebesøk, og etterfølges av eit skriftleg administrativt vedtak. Tenestetilbodet vurderes fortløpande

 

Slik søkjer du

Me har eit felles skjema for pleie og omsorgstenester, og du krysser av for den tenesta du ønskjer å søkje på.

Søknadsskjema finn du her

Du kan også få skjema hjå Fedje sjukeheim, tlf 56165140. Du kan og få hjelp til utfylling, dersom du ønskjer det.

 

Pris

Heimesjukepleie er gratis.

 

Klage

Vedtaket kan påklagast. Klagen bør grunngjevast og utformast skriftleg. Klagen skal sendast til: Fedje kommune, pleie og omsorg, Mulevegen 18, 5947 Fedje. Klagefristen er 3 veker frå du mottok vedtaket. Dersom du ikkje får medhald i klagen, vil saka verte sendt til Fylkesmannen for endelig handsaming, jf. Lov om pasient- og brukerrettigheter § 7-2.

  

Heimel

Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester § 3-1 første ledd, og § 3-2 første ledd nr. 6 bokstav a.


Sist oppdatert: 31.01.2023
Publisert: 13.06.2018