Fedje sjukeheim

Kommunen har ein sjukeheim med plass til 12 pasientar. Det er 12 enkeltrom, og to av romma er sett av til korttidsopphald. Vanlegvis er det ingen venteliste for å få plass ved sjukeheimen, og kommunen tek av og til imot pasientar frå andre kommunar på søknad.

Ein aktivitør er til stades på sjukeheimen frå måndag til fredag for å organisere og hjelpe til med ulike aktivitetar i opphaldstova, men det vert også lagt til rette for individuelle aktivitetar. Legebesøk er vanlegvis på torsdag, medan fysioterapeut kjem til sjukeheimen på tysdagar og torsdagar. Dei serverer gode måltid frå deira eige kjøkken, og det er middagsutkøyring frå sjukeheimen dagleg for dei som bur heime og ønskjer det.

Link til brosjyre om sjukeheimen

 

Kontakt

Pleie- og omsorgsleiar er Nadine Gutte-Preusse.

Ho kan nås på tlf: 56 16 51 42 (direkte) eller via epost: nadine.gutte-preusse@fedje.kommune.no.

Hovudnummer til Fedje sjukeheim er 56 16 51 41.

 

Søknadsskjema

Trykk her for å laste ned søknadsskjema for helse og omsorgstenester

Trykk her for å lese om tildelingskriterier

Trykk her for å lese om forløp ved søknad

Om du treng hjelp til utfylling, kan du ta kontakt med pleie og omsorg.

 

Typer opphald på sjukeheimen

Avlastningsopphald

Eit avlastningsopphald i institusjon er tidsavgrensa og skal vera hjelp til pårøande med særleg tyngjande pleie- og omsorgsoppgåver. Du kan søkje avlasting for ein eller fleire periodar. Du kan også søkje om rullerande avlasting. Målet med avlastingsopphald  er å utsetje behovet for ein institusjonsplass, slik at du kan bu heime lengst mogleg.

Korttidsopphald

Eit korttidsopphald i sjukeheim er tidsavgrensa. Målet med opphaldet kan vere å kartleggje helsetilstanden og ernæringsstatusen din eller vurdere kva behov du har for hjelp, behandling, rehabilitering og opptrening.

Langtidsopphald

Langtidsopphald på ein sjukeheim er eit tilbod til eldre og sjuke som ikkje kan bu heime fordi dei treng helse- og omsorgshjelp store delar av døgnet. For å få langtidsplass i institusjon må det først ha vore vurdert og prøvd andre alternative tenester.

 

Besøksordning

Sjukeheimen er open for besøk, og det er ingen restriksjoner på besøksordninga. Velkommen! 

Skulle du ha spørsmål om dette, ta kontakt med sjukeheimen. 

 


Sist oppdatert: 30.10.2023
Publisert: 25.05.2018