Du er her: Start/Nyhendearkiv
Kunstutstilling

Hygge på dagtid på Pernille

Vaffelglade på Fedje blei metta i helga, då Pernillekafeen hadde kunstutstilling.

– Vi hadde masse folk innom kafeen i helga,  så vi er veldig nøgd med oppmøtet, seier daglig leiar på Pernillekafeen Trond Ågotnes. Det vart servert kaffe og vafler, og dei oppmøtte sat pris på at den koselege kafeen var open slik at ein hadde eit treffpunkt på dagtid denne oktoberhelga.

Ann Kristin Humlebrekke hadde hengt opp kunst til salgs i det kjente og kjære Fedje-lokalet.

– Kunst er vanskelegere å omsetja enn vafler, påpeker Ågotnes, som estimerar at 40-50 vaflar hadde blitt konsumert berre laurdagen. Likevel viste fleire interesse for Humlebrekke sine verk.

– Kunstutstillinga blir hengande i kafeen inntil vidare og vi vil komme tilbake til fleire visningar etter kvart, seier Ågotnes.

En gjest forsyner seg med vaffel på Pernille
En gjest forsyner seg med vaffel på Pernille
Web levert av CustomPublish