Du er her: Start/Nyhendearkiv
TV Aksjon 2017

Husk TV-aksjonen 2017 søndag 22. oktober

TV-aksjonen NRK 2017 går til UNICEF sitt arbeid for å gje utdanning til born ramma av krig og konflikt.

Når born i krig og konflikt ikkje får utdanning, står framtida til eit helt land på spel. TV-aksjonen dette året skal gje skulegang og håp til born der krigen rasar.

Eitt av fem born i krigs- og konfliktområde står i dag utan skulegang. UNICEF jobbar hardt og målretta for at born ikkje skal få øydelagt framtida på grunn av dei vaksne sine krigar og konfliktar.

TV-aksjonen 2017 skal gje utdanning til born i Colombia, Mali, Syria, Pakistan og Sør-Sudan.

Litt fakta om TV-aksjonen NRK:

  • TV-aksjonen NRK er den største innsamlingsaksjon i verda målt i talet på frivillige og innsamla kroner fordelt på folketal
  • 7000 frivillige over heile landet organiserer innsamlinga gjennom 500 kommune- og bydelskomitear
  • 100 000 bøsseberarar bankar på 2,3 millionar dører
  • TV-aksjonen har vore arrangert kvart år sidan 1974 og har gjeve livsviktig hjelp til millionar av menneske
  • På sjølve TV-aksjonsdagen sender NRK direkte heile søndag kveld

 

På Fedje er det lag og organisasjonar som har motteke kulturmidlar som er bøsseberarar.

Me ber om at alle hugsar å ta ut pengar og tek vel imot bøsseberarane på aksjonsdagen.

 

Med helsing

Roy Asle Tungland

Varaordførar og aksjonsleiar for TV-aksjonen på Fedje

Mob 907 69 111 e-post: rat@online.no

Web levert av CustomPublish