Holmen Kafe

Holmen Kafe

Holmen Cafè - servering, overnatting og gjestebryggje

Holmen café ligg på Kremmarholmen i hjartet av Fedje. Her driv dei kafé- og pubverksemd, dei har leilegheiter der du kan leiga deg overnatting, og dei har gjestebryggje for båtturistar. Dans, konsertar og andre hendingar vert arrangert med jamne mellomrom.

Holmen Cafè finn du på Kremmarholmen, inne i dei lune vågane nord på Fedje. Bygget har ein sentral plass i næringshistoria til Fedje. Her har det frå 1905 og framover vore ulik aktivitet som landhandel, fiskemottak, sildesalting, og bakeri. Holmen har òg vore nytta som base for kvalfangst og fiskeoppdrett. Kaféen har vore i drift sidan 1996.

På Holmen får du mat og overnatting i sjøkanten. Kval og fiskesuppe står på menyen i sesongen, og elles kan ein òg få kjøpt seg kjappmat, som til dømes burger med pommes frites. Kafeen tek òg i mot bestilling om ein har andre ønskjer i matvegen.

I tillegg til kafè- og pubdrift, tilbyr Holmen følgjande:

Overnatting i leilegheiter

Gjestebryggje: Båtplassar med straum, vatn og renovasjon inkludert i døgnprisen. I opningstidene til kaféen kan båtfolket bruka toalettet og det er moglegheiter for klesvask. Dersom ein leilegheit ikkje er utleigd kan du låna deg ein dusj. Leiger du ein leilegheit får du ha båten din liggande utan kostnadar.

 

 

For meir informasjon og bestilling, kontakt dagleg leiar Halil Boga på:

Adresse: Holmen Cafè, Kremmarholmen 49, 5947 FEDJE

Telefonnummer: (+47) 917 38 668

E-post: halil-b@hotmail.no

 

Holmen Cafè er òg å finna på facebook: https://www.facebook.com/HolmenCafe

Web levert av CustomPublish