Trådlaust nett - ikon

Høyring om breibandsutbygging i Fedje kommune

Fedje kommune vil søka om statleg tilskot til utbygging av breiband i kommunen. Me oppmodar innbyggarar, verksemder og organisasjonar om å kome med innspel innan fredag 6. mai.

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (tidlegare Post- og teletilsynet) gir støtte til utbygging av breiband i distrikta. Målet er å sikra god breibandsdekning i område der kommersielle aktørar ikkje finn det lønnsamt å bygga ut. Område utan eit grunnleggande breibandstilbod (0-4 Mbits hastigheit) vert prioritert. Det er også mogleg å søka om utbyggingsmidlar for område med 4-30 Mbits hastigheit. 

Me ønskjer å prioritera område med låg hastigheit og næringsområde. På Fedje kan følgjande område vere aktuelle for ei eventuell utbygging:

  • Stormark
  • Vågane / Nygård
  • Husøyna / Flyndrevågen
  • Svena og Vardane
  • Kremmarholmen
  • Torvhaugane
  • Moldøyna

Det er stor konkurranse om midlane og ein treng gode søknadar for å nå opp. Gode innspel hjelper oss med å laga ein god søknad. Frist for å kome med innspel er fredag 6. mai 2016.

Innspel kan du senda til:
postmottak@fedje.kommune.no,
eller
Fedje kommune, Stormarkvegen 49, 5947 FEDJE.

Har du spørsmål?
Kontakt samfunnsutviklar Even Vaular (even.vaular@fedje.kommune.no / 56 16 51 57)

Meir om tilskotsordninga for breiband finn du her.

Web levert av CustomPublish