Kommunevåpen m-tekst blå

Høyring: ny lokal forskrift om rett til langtidsopphald i sjukeheim

Den 13. juni 2016 vedtok Stortinget å gjere endringar i pasient- og brukarrettslova og helse- og omsorgstenestelova som gjeld rett til langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt tilrettelagt for heildøgns tenester. 

Den 13. juni 2016 vedtok Stortinget å gjere endringar i pasient- og brukarrettslova og helse- og omsorgstenestelova som gjeld rett til langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt tilrettelagt for heildøgns tenester. Som ein konsekvens av desse endringane må kommunane utarbeide ei forskrift som skisserer kva kriterium som skal liggje til grunn for eit vedtak om langtidsopphald. Denne forskrifta skal vere vedteken innan 01. juli 2017. Som ein del av saksførebuinga er utkast til forskrift nå lagt ut på høyring, med frist for innspel sett til 23. mai 2017.

Regjeringa vil seinare innføre nasjonale kriterium for tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad. Føremålet er tildelingsprosessane i kommunane er meir forutsigbare og opne. Nasjonale kriterium kjem til å bli utarbeidd etter forsøksordninga med statleg finansiering av omsorgstenestene er avslutta. Fram til desse kriteriene er laga, må den enkelte kommune gje forskrift med kriterium for tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad. Kommunen skal og føre ventelister.

Utkastet til forskrifta er laga i eit eige pdf-dokument, som ein kan laste ned her. Ein kan også få tilsendt dette dokumentet ved å vende seg til kommunen, pleie og omsorg, tlf. 56 16 51 42.

Innspel skal sendast kommunen skriftleg til:

Fedje kommune, Stormarkvegen 49, 5947 Fedje eller via epost til postmottak@fedje.kommune.no

Web levert av CustomPublish