Historiske Fedje

Fedje kyrkje

Kyrkja på Fedje

Fedje kyrkje er eit godt synleg landemerke. Sidan 1600-talet har det stått kyrkjer på same plassen som ein finn dagens kyrkje. Den vart vigsla 7.september 1941 og har omkring 400 sitjeplassar. I skuleferien er kyrkja open for publikum kvar dag.

10. oktober 2014 Les meir
Hellisøy fyr

Hellisøy fyr

Oss på Hellisøy fyr tilbyr overnatting i fyrvoktarbustaden. For booking og informasjon sjå www.hellisøyfyr.no og  Hellisøy fyr på facebook. Dersom ein ønskjer informasjon om aktivitetar me kan tilby, eller skreddersydde pakker, kontakt oss gjerne på hellisøyfyr@gmail.com eller på telefon 46196446

 

05. desember 2013 Les meir om Hellisøy fyr
Ammunisjonsbunker frå 2.verdenskrig i Vinappen

Krigsminna i Vidnappen

Fedje vart involvert i 2.verdenskrig kort tid etter utbrotet. Okkupasjonsmakta fikk etablert eit festningsanlegg i Vidnappen. Her vart det mellom anna sett opp eit radartårn på 40 meter. I Vidnappen er det mogeleg å spasere omkring og sjå på ein god del restar etter dette festningsanlegget.

På biletet over ser du ein ammunisjonsbunker.

 

30. oktober 2013 Les meir om krigsminna i Vinappen
Web levert av CustomPublish