Hellisøy fyr

Hellisøy fyr

Hellisøy fyr

Hellisøy fyr er ein freda fyrstasjon frå 1855, eit steinkast frå land søraust på Fedje. Vil du ha ein heilt spesiell oppleving kan du overnatta i fyrvaktarbustaden på Hellisøy.

 

Skilt på Hellisøy Fyr ved Fedje
Skilt på Hellisøy Fyr ved Fedje

Historia om tårnet

Hellisøy fyr er eitt av to fyr i Fedje kommune. Holmengrå fyr ligg heilt nord i kommunen, eit godt stykke unna hovudøya, medan Hellisøy fyr ligg i sør, berre eit steinkast frå land.

Fyret vart tent i 1855. Det karakteristiske støypejernstårnet har ei høgd på 33 meter og ei lyshøgd på 46 meter over høgvatn. Dette fyret var det andre støypejernstårnet som vart bygd i Noreg. Den nedste delen var levert av Bærums verk, og den øvre delen av Horten Mekaniske Verksted. Sjølve fyrtårnet er bygd av 1-toms jernplater og er fora med 35000 murstein. Dei to nedste etasjane er så å seia fyllte med stein. Det var eit stort prosjekt og opptil 95 mann arbeidde på fyranlegget i byggeperioden.

I 1954 vart fyret elektrifisert med straum frå land. I januar 1989 vart Hellisøy fyr automatisert, men på grunn av dei meterorologiske observasjonane vart ikkje fyret nedbemanna før i 1992.

Fyrvaktarbustaden ved Hellisøy fyr
Fyrvaktarbustaden ved Hellisøy fyr

Fyrvaktarbustaden

Eit besøk på Hellisøy tek deg tilbake til den tida fyrvaktarar og fyrassistentar budde på fyret. Lenge budde òg familiane deira ute på Hellisøy.

På øya vart det bygd bustadhus for fyrvaktaren og familien hans, og til "fyrkarlen". Denne bustaden brann ned i 1902, og året etter vart det oppført to nye hus, eitt til fyrvaktaren og eitt til fyrvaktarassistenten. I mange år heldt dei eit par kyr og sauer her ute. Det vart og oppretta meteorologisk stasjon 1924, men denne tenesta er no automatisert.

Fyrmeisterbustaden vart modernisert og ombygd i 1968, og det vart innreidt hyblar og fellesrom. Siste fyrvaktar forlot øya i 1992, men fyret lysar framleis.

Soverom i Fyrvaktarbustaden ved Hellisøy Fyr
Soverom i Fyrvaktarbustaden ved Hellisøy Fyr

Overnatting

Hellisøy fyr fekk nytt vertskap frå 1. juni 2014. For booking og informasjon, sjå www.hellisoyfyr.no eller Hellisøy fyr på facebook, ta kontakt på hellisoyfyr@gmail.com eller ring (+47) 909 41 826 / (+47) 918 48 901.

Web levert av CustomPublish