Heimesjukepleie

Heimesjukepleie er eit tilbod til deg som ikkje sjølv kan oppsøkja helsehjelp grunna sjukdom eller funksjonssvekking og som er avhengig av hjelp i eigen heim for å få dekka grunnleggjande pleie- og omsorgsbehov. Heimesjukepleia gjev òg opplæring og rettleiing og legg til rette for at hjelpetrengande personar, der det er mogleg, klarer å verta mest mogleg sjølvhjelpte.

Heimel: Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester § 3-1 første ledd, og § 3-2 første ledd nr. 6 bokstav a.

Saksgang: Du kan søkje om heimesjukepleie på felles skjema for pleie og omsorgstenester. Skjemaet finn du her, eller  du kan få det hjå Fedje sjukeheim, tlf 56165140. Du kan få hjelp til utfylling, om du ønskjer det.

Klage: Vedtaket kan påklagast. Klagen bør grunngjevast og utformast skriftleg. Klagen skal sendast til: Fedje kommune, pleie og omsorg, Mulevegen 18, 5947 Fedje. Klagefristen er 3 veker frå du mottok vedtaket. Dersom du ikkje får medhald i klagen, vil saka verte sendt til Fylkesmannen for endelig handsaming, jf. Lov om pasient- og brukerrettigheter § 7-2.

Høyrsle- og synskontakt: Høyrsle- og synskontakt har eit særleg ansvar for å kjenna til retningslinjer, hjelpemidlar og utstyr for dei som har særlege behov innan syn og høyrsle. Høyrsle- og synskontakt i kommunen er Marit Øien, og ho kan ein kontakte på tlf 56165140.

Web levert av CustomPublish