Heimehjelpsteneste

Heimehjelpstenesta kan du nå ved å ringe sjukeheimen på tlf 56165140.

Personar som har eit særleg behov for praktisk hjelp i heimen på grunn av sjukdom, funksjonshemning, alder eller av andre årsaker, kan søkja om praktisk bistand (heimehjelp). Heimehjelpstenesta skal sikre brukaren praktisk bistand og medvirke til at brukaren greier mest mogleg sjølv utan hjelp frå andre og dei skal førebyggje forverring.

Vilkår: All hjelp vert tildelt etter individuell vurdering og behovet blir vurdert fortløpande. Det tas utgangspunkt i brukaren sin situasjon og kva ein kan utføre sjølv. Heimetenesta vil ta kontakt med deg for å avtale tidspunkt for besøk.

Heimel: Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester § 3-1 første ledd og § 3-2 første ledd nr. 6 bokstav b, jf. Lov om pasient- og brukerrettigheter § 2-1a.

Saksgang: Søknad skjer skriftleg til sjukeheimen. Ved munnleg henvending kan ein få hjelp til utfylling av skjema.

Klage: Vedtaket kan påklagast. Klagen bør grunngjevast og utformast skriftleg. Klagen skal sendast til: Fedje kommune, pleie og omsorg, Mulevegen 18, 5947 Fedje. Klagefristen er 3 veker frå du mottok vedtaket. Dersom du ikkje får medhald i klagen, vil saka verte sendt til Fylkesmannen for endelig handsaming, jf. Lov om pasient- og brukerrettigheter § 7-2.

Søknadsskjema: Søknadsskjema for pleie- og omsorgstenester får ein ved å vende seg til Fedje sjukeheim, eller du finn det her.

Prisar for bruk av heimehjelp og matombringing finn du her.

 

Web levert av CustomPublish