SMISO - senter mot incest og seksuelle overgrep

SMISO - senter mot incest og seksuelle overgrep

Senter mot incest og seksuelle overgrep i Hordaland

Har du opplevd seksuelle overgrep?

SMISO er eit senter for ungdom, menn og kvinner som har opplevd seksuelle overgrep. Senteret har også tilbod til pårørande.

SMISO Hordaland tilbyr hjelp til sjølvhjelp og gir råd og rettleiing i ein bearbeidingsprosess. Senteret er eit lågterskeltilbod og det trengst ingen tilvising for å nytta tilboda. Tilboda er gratis. Tilsette og brukarar har teieplikt. Du kan vera anonym ved kontakt med senteret.

Telefon: 55 90 49 90. Du ringer anonymt - senteret kan ikkje sjå nummeret til dei som ringer.
Adresse: St. Jakobsplass 9, 5008 BERGEN.

Meir info om SMISO, og fleire måtar å ta kontakt, finn du på SMISO sine heimesider: www.smiso-hordaland.no.



SMISO Hordaland er ei privat stifting som vert driven med offentlege midlar og gir tilbod til alle kommunar i Hordaland. 
Senteret er lokalisert i Bergen med ein filial i Leirvik på Stord.

 

Treng du nokon å snakka med no?

Ring grønt nummer 800 57 000 - døgnopen telefon for incest- og seksuelt misbrukte og deira pårørande. Telefonen er landsdekkande, og er betent av Incestsenteret i Vestfold.

 

Web levert av CustomPublish