Du er her: Start/Nyhendearkiv
Kanutt og publikum

God stemning på eldredagen. Sjå bileter!

—Gå heim no? Skal vi ikkje synga meir?

Eldredagen skulle eigentleg vara i knappe to timer men då stemninga sto i taket vart det nærmare tre.

 

Det vart tårar, song, latter og applaus. Då leiar i eldrerådet Erling Herøy takka for kvelden og ville runda av, vart det difor protester.  For «Gje meg handa di venn» var enno ikkje blitt sungen.  Men då sprang Georg Tangen til pianoet og stemte opp, dei som enno ikkje hadde reist seg sang med.

Eit trettitals eldre møtte i fleirbrukshallen tysdag kveld for å feire eldredagen. Lapskaus frå Losen, kaker frå Anna Marit Storemark og frivilleg arbeid frå medlemmar i eldrerådet gjorde sitt til at kvelden vart vellukka.

Lokale krefter viste kunster, Georg Tangen på piano og allsang er allereie nevnt. Margot Gullaksen las dikt med ein stemme så klår at ho ikkje trengte mikrofon. Einar Thomassen rørte dei oppmøtte med eit sjølvskreve dikt. Også dei unge frå kulturskolen bidro. Sara Huse sang vakkert mens Julie Husa spelte to pianostykkjer.

Den eksterne appellanten Ranveig Frøiland måtte diverre avlyse grunna sjukdom, erstatninga kom i form av ei anna type underhaldning. Den siste kanutt hadde eigentleg berre fått  to songar men då stemninga tilsa det vart det like godt åtte, med tilhørande showing og historier. I førti år underhaldt Kanuttene eldre på frivellig basis. Ein gong var dei ni, no er dei ein igjen, 90 år gamle Ågot Lilleheil. Songtekstane vart nesten ikkje gløymt, men det vart egen alder når stemninga var så god blant publikum. Ho vart akkompagnert på dyktig vis av Gabriel Hjønnevåg på trekkspel.

publikum koser seg
Fleire hadde kanskje komen om veret hadde vore betre, men dei som kom angra ikkje, og var nøgd med både mat og program.
taleren
Einar Thomassen leverte skjølvskreve dikt med høg klasse.
IMG_0824
I 1987 besøkte kanuttene, den gang ni medlemmar, Fedje. Ein av dei som huskar dette er Gisle Handeland. Dei utveksla minnar då dei blei gjenforent etter 30 år.
Web levert av CustomPublish