Symjehall - Dusj før bading 2

Symjebassenget er sommarope frå 23. juni til 20. august 2017.

Gladmelding til alle born: Fedje kommune garanterer badever heile sommaren!

Du kan leige nøkkel til bassenget hjå Fedje Landhandleri på fergekaien.

Prisen for å leige bassenget for 1 dag er kr 100 og for 1 veke kr 400. Du får då ei kodebrikke til hovuddøra og resten av dørene inne i hallen er nøkkelfrie. All ferdsel i bassenget og garderobane er på eige ansvar. Det er altså ingen badevakt tilstade.

Bassenget er ope frå 08.00 til 22.00 alle dagar unnateke onsdag. Om onsdagen er bassenget ope frå 15.00 til 22.00.

Dei som leiger nøkkel av kommunen heile året, kan sjølvsagt og bruka bassenget i sommar.
Info om dei nøkkelfrie dørene: Sylindrane i dei dørene som vanlegvis blir låste, er tekne ut. Dette er for at vi då ikkje må dele ut nøklar til alle dei som vil låne bassenget for veldig kort tid. Desse vil bli sette i att ved skulestart i haust.

 

Web levert av CustomPublish