Solveggen - hus med torvtak

Frå middelalder til industrialderen

Arkeologiske funn og dateringar av torvmyr gjer at me veit at det har vore menneskeleg aktivitet på Fedje sidan steinalderen. Dei første skriftlege kjeldene som fortel om Fedje er derimot frå byrjinga av 1400-talet.

Hus med torvtak

Jordeigarane

I skriftlege kjelder vert Fedje først nemnd i eit brev frå 1405. Abbeden av Munkeliv kloster kunngjer at garden «Husa» på Fedje vert borbygsla. Klosteret hadde fått «Husa» i gåve frå ein mann som heitte Tore. Seinare, i 1427 og 1463, vert «Husa nemnd i to jordebøker frå Munkeliv. Munkeliv eig Husa fram til 1661.

«Kopper» er oppført som ein del av Apostelgodset i ei jordebok frå 1624-26. I skattematrikkelen av 1647 er det opplysningar om eigedomstilhøve for resten av Fedje: staten, det vil seie kongen, er oppført som eigar. Eigartilhøva endra seg mange gongar etter dette.

Familie i bushen

Folketalet

Det første nokolunde sikre overslaget over folketalet på Fedje kan me få frå manntal som vart tekne opp omkring 1664-1666. Det synte eit folketal på 113 personar. Frå 1666 til 1801er det få haldepunkt. Det var eit nytt manntal i 1701 som seier at det var 107 personar her. I 1769 kom det første fullstendige folketeljinga  i Noreg. Då var talet 163. Den neste kom i 1801 med eit folketal på 131. Sidan er det folketeljing med om lag ti års melomrom. I perioden frå 1801 til 1930 auka folketalet frå 131 til 815 personar, altså over ei seksdobling.

Fiskebåtar tett i tett - fiskeveret Fedje

Næringsvegane

Folketalsutviklinga har nok endra seg i takt med næringsutviklinga. Fiskeri og havbruk har vore svært viktig som næringsveg på Fedje. Kombinasjonen med fiske og jordbruk, den såkalla fiskarbonden, var nok dominerande lenge. Mot slutten av 1800-talet skjedde det ei spesialisering. Stadig fleire fekk fiske som eineyrke. Andre maritime yrke var òg viktige som los, fyrteneste og sjøfart.

Dei vanlege båttypane på 1800-talet var færingar, seksæringar og åttringar; båtar med fire, seks eller åtte årar. Dette var båttypar som også kunne ha segl.  Slike båtar var brukt til heimefiske og ute på ope hav. Fiskarane var avhengige av å vera så nær felta som mogeleg, og Fedje sin føremon var geografisk plassering. Det var gode hamner i dei mange vågane her ute.

Fisket stilte store krav til godt utstyr. Den vanlegaste fiskereiskapen var snøre, stong, lune og ulike typar fiskegarn. Dei fleste gardsbruk eigde bolkar i større nøter. Desse nøtene byrja verte vanlege utover på 1800-talet. Kvar partseigar måtte sjå etter og bøta sin bolk. For dei som dreiv ferskfiskleveranse og hummareksport var også fiskeruser og hummarteiner utstyr som trong godt og regelmessig vedlikehald.

Fedje er det fiskeveret som til alle tider har hatt mest fisk i Hordaland. Øya ligg midt i gode farvatn for sildeinnsiget. Det gode fisket har vore ei av årsakene til at folketalet auka heilt fram til omkring 1950. Folketalssvingingane på 1600 og 1700-talet endra seg i takt med svingingane i vårsildfisket. Fedje var fiskeveret for heile Lindås prestegjeld. Folk frå innbygdene kom ut hit for å vera med på fisket.

Kring 1850 var det enno garden eller plassen som gav maten i det daglege hushaldet, saman med heimefisket. Gardsarbeidet og heimestellet var kvinnfolkarbeid, mennene tok seg av fisket og det som høyrde til sjøbruket. Garn og not  vart laga  heime, kvinnene spann og mennene batt. Dei kjøpte og hamp og laga tau sjølve.

Då vårsilda vart borte kring 1870 fekk heimefisket meir å seia. Marknaden i Bergen gjorde dette fisket meir lønsamt. Hummarfisket i mai og juni var viktig på Fedje. Hummaren vart fanga i treteiner og eksportert til England. Både sildefisket, heimefisket og hummarfisket skapte inntekter som gjorde at overgangen frå naturalhushaldet, der folk bytte vare mot vare, til pengehushaldet, med kjøp av varer og tenester, kom tidlegare i kystbygdene enn i innlandet.

Fedje torvkompani - Stormark

Den industrielle torvtakinga

I 1875 vart Fedje seld til Fedje Torvkompani for 14 000 spesidaler. På Stormark byrja kompaniet å ta torv. Ved den vesle hamna vart det bygd eit stort lagerhus og det gjekk skinneganger frå dette og opp til torvmyrane. Banevegen på notidas Fedje har sitt namn frå denne «torvjernbana». Det vart ikkje så stor sus over drifta og det var fleire eigarskifte. Drifta vart lagt ned i 1903, men vart tatt opp att og det var stordrift under første verdskrigen. Omkring 1920 var det slutt på den industrielle torvdrifta.

Web levert av CustomPublish