Frå 2017 slepp du å søkje om frikort for helsetenester

Frikort for eigendelstak 2 er automatisert frå 1. januar 2017. Frå denne datoen slepp du å søkje om frikort for helsetenester. Det kjem automatisk i posten innan tre veker etter at eigendelstaket på 1 990 kroner er nådd. 

Vi har to frikortordningar i Norge, ei for eigendelstak 1 og ei for eigendelstak 2. Dei gjeld for ulike tenester. Har du fått frikort i den eine ordninga, kan du ikkje nytte det i den andre ordninga. Ordninga med frikort eigendelstak 1 er allereie automatisert, og frå nyttår blei óg ordninga for frikort eigendelstak 2 automatisert.

I frikort eigendelstak 2 inngår eigendelar for:

  • undersøking og behandling hos fysioterapeut med driftstilskot eller fastlønna fysioterapeut i kommunen
  • nokre former for tannbehandling
  • opphald ved rehabiliteringsinstitusjonar som har driftsavtale med regionalt helseføretak
  • behandlingsreiser til utlandet i regi av Oslo universitetssykehus - Rikshospitalet

Dette er nytt frå 1. januar 2017:

 Det kjem automatisk i posten innan tre veker etter at eigendelstaket er nådd.

  • Eigendelstaket for frikort eigendelstak 2 for 2017 er 1990 kr.
  • Har du betalt for mykje, blir beløpet du har krav på automatisk betalt tilbake.
  • Aldersgrensa for eigendelsfritak er heva frå 12 til 16 år.
  • Alle pasientar må betale eigendel for behandling hos fysioterapeut - unnateke born under 16 år og personar med yrkesskade. Dette blei vedteke av Stortinget ved behandlinga av statsbudsjettet for 2017.
  • Du kan sjølv følgje med på dine registrerte eigendelar ved å logge inn på helsenorge.no.

Frikort eigendelstak 1 – nytt eigendelstak for 2017: 2 205 kroner

I frikort eigendelstak 1 inngår eigendelar frå lege, psykolog, poliklinikk (sykehus), røntgeninstitutt, pasientreiser og medisinar og utstyr på blå resept.

Dette frikortet får du automatisk i posten innan tre veker, når du har betalt over ​2​ 205 kroner i eigendelar i 2017.

 

Meir informasjon  finn du på helsenorge.no/frikort

 

Web levert av CustomPublish