Forsamlingslokale

Fabrikk nr. 8 og Holmen ligg sentralt til i hamna på Fedje. Foto: Fedje kommune, 2016

Fabrikk nr. 8

Utleige av leilegheiter og selskapslokale i den gamle sardinfabrikken i hamna på Fedje. Gjestebryggje med fasilitetar.

15. februar 2016 Les meir om Fabrikk nr.8
Hjartebanken ein haustdag.

Hjartebanken

Hjartebanken leiger ut lokala sine til privatpersonar og bedrifter.

 

23. juni 2015 Les meir
Ungdomshuset i hauen - Vesttun

Vesttun

Ungdomshuset Vesttun ligg idyllisk til på utsiktspunktet Vinappen. Her er det eit godt utrusta kjøkken i tillegg til eit lokale som er eigna til selskap, dans, møte, messer og liknande. Kontaktperson er Ingunn Ølberg Stormark. Telefonnummer 99541239

25. oktober 2013 Les meir
Stormark grendahus i oktobersol

Stormark grendahus

Sør på Storemark ligg Stormark Grendahus. Dette var bygd som skulehus i 1922, og var i bruk som skule fram til 1960. No er det eit grendahus som kan leigast til selskap, konfirmasjon møter, basarar og liknand. Huset har kjøkken. Kontaktperson er Lisbeth Stormark. Telefon: 48024407

 

11. oktober 2013 Les meir
Bedehuset Salem på Fedje

Bedehuset / Fiskarheimen

Bedehuset ligg like ved Fedje Handel ikkje langt frå Ferjekaia. Det er Fedje indremisjon som forvaltar dette bygget. Første etasje i bygget vert kalla Fiskarheimen. Der er det eit fullt utrusta kjøkken og eit stort lokale til leie. Kontakperson er Kjell Arve Samnøy. Telefonnummer: 91817266

11. oktober 2013 Les meir
Fedje fleirbrukshall

Fedje fleirbrukshall

Fedje fleirbrukshall samlar mange ulike aktivitetar og arrangement gjennom året. Den er hyppig i bruk av skulen og barnehagen og det er fleire tilbod innan gruppetrening, idrett og fysisk aktivitet med tilhald her.

Hallen har fleire rom som kan nyttast til forsamlingslokale, konsertar, dansar, idrettsarrangement og liknande. Leiar for styret i hallen er kontaktperson.

Telefon: 90669831

E-post: kristin.handeland@fedje.kommune.no

11. oktober 2013 Les meir
Web levert av CustomPublish