Du er her: Start/Nyhendearkiv
TV Aksjon 2017

Flott resultat på TV-aksjonen 2017!

Fedje femte mest gavmilde kommune i Hordaland på TV-aksjonen 2017.

Trass fint ver og mange tomme hus på aksjonsdagen har Fedje bidratt til eit bra resultat på TV-aksjonen 2017. Med 76,94 kr pr. innbyggjar hamna Fedje på 40. plass i kommuneoversikten og på 5. plass i Hordaland. Me vil få takka alle som har gitt bidrag og alle bøsseberarane som gjorde ein flott innsats på søndag.

Har du gode idear og kreative forslag til ulike måtar å samle inn pengar på, eller ønske om å vere med på den årlege dugnaden neste år, ta gjerne kontakt med underteikna.

 

Med helsing

Roy Asle Tungland

Varaordførar og aksjonsleiar for TV-aksjonen på Fedje

Mob 907 69 111 e-post: rat@online.no

Web levert av CustomPublish