Fiskebåt med motor og segl

Fiske og fangst på 1900-talet

I historia til eit fiskevêr som Fedje vil livet på sjøen ha ein viktig plass. Havet har skaffa feiingane levebrød til alle tider. På 1900-talet vart fiskeriene revolusjonert då båtmotoren gjorde sitt inntog.

Fiskar med torsk

Heiltidsfiskaren vart fødd

Frå tidleg på 1900-talet gjennomgjekk fiskeflåten ei stor og viktig endring: motoriserte farty. Den første motorskøyta kom til Fedje i 1903. I 1915 var det 12 motoriserte skøyter, men talet auka til heile 53 i 1922. Båtane vart meir sjødyktige og kunne nå fiskefelt utanfor rekkevidda til dei opne båtane. Med dei nye båtane kunne ein reisa frå det eine fiskefeltet til det neste. No vart fisket i større grad eit heilårsyrke. På denne tida var Fedje på sitt mest folkerike, med ein topp på 943 innbyggjarar i 1950.   

Kvalskyttar i aksjon

Kvalfangsten

I følgje gards- og ættesoga «Fedje og folket» starta fiskarane på Fedje med kvalfangst i 1937 etter å ha verte inspirert av austlendingar. Fram til 1950 var fangstfelta ved Fedje og på vestlandskysten, men frå den tid måtte kvalfangarane heilt til Vesterhavsøyane og Barentshavet for å få god fangst. Kvalsesongen tok til i midten av mai og varte til slutten av juli. Fangsten var regulert av kvotar og konsesjon. På det meste var det sju kvalbåtar på Fedje, og mellom 30 og 40 menneskje hadde det som leveveg.

Makrellstørjer på kaia

Makrellstørja som kom og forsvann

Frå 1950 var det fiske etter makrellstørje utanfor Fedje. Småkvalfangarane tok og ein del brugde. Størjefisket gjekk føre seg frå juli til oktober. Størja vart fanga med snurpenot. Dette fisket gav god fangst i mange år. På grunn av overfiske i Noreg og andre land vart fangstane mindre utover 1970-talet, og størja vart etter kvart utryddingstrua.

Web levert av CustomPublish