Ferjekaibiblioteket 02 -JTSmai15

Ferjekaibiblioteket

Er du på reis til eller frå Fedje og treng lesestoff? På ferjekaibiblioteket kan du låna eller byta til deg bøker. Det knøttvesle biblioteket i venterommet på ferjekaia er ope frå tidleg morgon til sein kveld og er sjølvbetent.

Det lille biblioteket i venterommet på ferjekaia er ikkje heilt som andre bibliotek. Biblioteket gjer god litteratur tilgjengeleg for alle og ein kvar. Opningstidene er romslege og plasseringa sentral. På Ferjekaibiblioteket kan du velja om du vil låna ei bok frå boksamlinga til Fedje folkebibliotek, eller om du vil byta til deg ei bok frå bytehyllene. Treng du ei bok på ferjeturen eller for ein avslappande helg på Fedje, er dette staden å starta.

Biblioteket er sjølvbetent. Skal du låna skriv du namnet ditt på lånelista, som du finn i ei mappe på veggen.

I bytehyllene kan du legga frå deg pocket-boken du kjøpte til Syden-ferien din, og plukka opp ei ny bok. Erfaringa så langt viser at det er fleire bytebøker som kjem inn enn som vert tatt med frå biblioteket. Det vil difor også vera mogleg å ta med seg ei bok frå bytehylla utan å legga att ei anna.

Me håpar du finn glede i å nytta Ferjekaibiblioteket! Vel møtt!

Web levert av CustomPublish