Sjølv om valdeltakelsen som vanleg var ekstrem var det ikkje problematisk å finna parkering for dei frammøtte i vallokalet.

Sjølv om valdeltakelsen som vanleg var ekstrem var det ikkje problematisk å finna parkering for dei frammøtte i vallokalet.

Fedje stemte mest!

Hordaland vart fylket med høgast valgdeltaking i årets val. Mest engasjerte var Fedjefolket med 87,1 % frammøte.

Dette melder NRK P1 i dag.

Gisle Handeland var ein del av valkorpset, og tok i mot stemmer sjølve valdagen. Han merka likevel verken store kø-danningar eller kaos med svære folkemengder i Fedje fleirbrukshal.

– Når vallokalet er så svært og folketallet er så lite, blir det ikkje det store trykket. Men det var ei jamn stim med folk hele tiden.

Handeland har mellom anna vore på statsekretær og fylkesordførar. Han har vore med på val i Fedje fleire gonger tidligare, og merka ikkje den store skilnaden denne gongen.

– I Fedje er det ein kultur for å gå til valgurnen og vi har alltid hatt høy deltakelse. Det er kjempekjekt, seier valmedarbeidaren.

På forrige stortingsval hadde Fedje 89,3 % frammøte og var nummer to når det gjaldt deltaking på landsbasis.  

Av dei 420 innbyggjarene i stemmerettkomen alder valde 366 å delta på årets Stortings- og sametingsval.

Fleire detaljer om valet på Fedje finner du her.

 

 

Web levert av CustomPublish