Fedje skule -EVnov14

Fedje skule

Fedje skule er ein fådelt skule frå 1.-10. klasse med ca 75 elevar. Skulen har elleve undervisningsstillingar og rektor heiter Linda Husa. På kontoret finn du Turid Moldøen. Ho når du på telefon 56165120 før kl 12.30 eller på e-post: turid.moldoen@fedje.kommune.no
Telefon: 56165120
Fax: 56165122
E-post: linda.husa@fedje.kommune.no

 

Her finn du skule- og barnehageruta for 2017-2018.

Organisering av skuledagen:

1.+2.time    8.30-10.00

Friminutt  10.00-10.20

3. +4.time 10.20-11.50

Friminutt  11.50-12.10

5.+6.time  12.10-13.40

7.time  (Gjeld berre ungdomsskulen)  

Samarbeid heim - skule:

Vurderingsforskrifta § 9-1 nr. 1 lyder :
Skolen skal halda god kontakt med foreldra. Klassestyraren skal minst to gonger i året ha ein planlagd og strukturert samtale med dei. Samtalen skal munne ut i ei oppsummering, mellom anna med sikte på å bli einige om kva det særskilt skal leggjast vekt på i det vidare arbeidet. Eleven bør vere med i desse samtalane; etter fylte tolv år har eleven rett til å vere med.

Dette skuleåret vert foreldrekonferansane i oppstarten av kvart semester. Tanken er at elev, foreldre og lærar i samarbeid skal peike ut område som ein kan vere einige om å arbeide spesielt med framover. I slutten av semesteret gjev lærar ei oppsummering til heimen om korleis dette og andre ting har gått. Denne oppsummeringa vert lagt til grunn for neste konferanse der alle tre partar vert med.

Foreldreråd :

Før utgangen av september skal det haldast samla foreldrerådsmøte for alle som har born i skulen.


Foreldresamtykke:

I løpet av eit skuleår vil det oppstå situasjonar i skulesamanheng som elevane må ha foreldra sitt samtykke til for å kunna vere med på.

Det kan m.a. vere :
- Å vere med på klasseturar
- Å delta på diverse arrangement
- Å binde seg til skulemjølkordning
( halvårige ordningar )
- Å bli oppmeld til PPT-konsultasjon
- Å velje tilvalsfag ( ungd.steget )
- Å få / ikkje få karakterar i tilvalsfag ( ungd.steget )
- Å byte tilvalsfag ( ungd.steget )
- Å ha praktisk prosjektarbeid utanom skuletid med
avspasering av skuletimar
- Å velje praksisplass i arbeidsveka ( ungd.steget )
- m.m.

Me vil oppmoda foreldra til å gje tilbakemelding så snart som råd når det kjem slike spørsmål frå skulen.

Kontaktskjema til psykisk helse i Fedje kommune finn du her. PDF document ODT document

Web levert av CustomPublish