Sjukeheimen på Fedje i oktobersol

Sjukeheimen på Fedje i oktobersol

Fedje sjukeheim

Kommunen har sjukeheim med plass til 12 pasientar. Det er åtte enkeltrom og to dobbeltrom. To plassar er avsett til korttidsopphald. Det er vanlegvis ikkje venteliste for å få plass ved sjukeheimen. Kommunen tek etter søknad periodevis også i mot pasientar frå andre kommunar.

Det er dagaktivitetar for bebuarar på sjukeheimen ved arbeidsstova på sjukeheimen fleire dagar for veka. Pasientar innanfor psykiatri og PU har dagtilbod 1 gong pr. veke ved Arbeidssenteret i Austrheim. Det er middagsutkøyring frå sjukeheimen dagleg til heimebuande som ønskjer det.

Pleie- og omsorgsleiar er Nadine Gutte-Preusse.
Hun kan du nå på tlf. 56 16 51 42 (direkte) eller 56 16 51 40 (felles).

Felles søknadsskjema for helse og omsorgstenester finn du her.

Web levert av CustomPublish