Du er her: Start/Nyhendearkiv
ferdig og riktig plakat

Fedje om 10 år?

Vi i kommunen ønskjer at ALLE som har høve til det, tek turen til kommunestyremøtet 20. februar klokka 18.15. Spørsmålet om framtida for Fedje er det same som før: korleis skape vekst og utvikling, utan at det går på bekostning av lokal identitet og eigenart?

For første gong gjer vi eit forsøk på å gje meir enn teoretiske svar på spørsmålet. Todd Saunders, prisbelønt arkitekt, skal vise eit døme på korleis dette kan gjerast i praksis. Filmen han skal vise levna ikkje eit auge tørt då han viste den på Fedje rett før jul. I tillegg kjem reiar Per Vold i GulenSkyss, som satsar friskt på sommarbåtrute mellom Bergen og Fedje, og Trond Amland i Amland Reiselivsutvikling, som i desse dagar arbeider med reiselivsplan for Fedje.

Vi kan love at du vil bli overraska på en positiv måte om du kjem!

PS! Høyrt om kommunen som ville spare pengar og lage plakaten sjølv, men som aldri fekk han riktig? Det er i alle fall ikkje oss, for no på tredje forsøk er nok sikkert ALT rett!

Web levert av CustomPublish