Du er her: Start»Politikk»Val

Val

Val 2015 - logo gull

Fedje med nest høgast valdeltaking i landet

Statistisk Sentralbyrå (SSB) presenterte måndag statistikken for kommune- og fylkesvalet 2015. I åtte av ti kommunar sank valdeltakinga, samanlikna med 2011-valet.

I vår kommune sank også valdeltakinga frå førre val, men Fedje vidarefører likevel den særs høge deltakinga frå tidlegare val. Berre i Utsira kommune  - landets minste - var valdeltakinga (84,3 prosent) høgare ved kommunevalet 2015 enn på Fedje. Fire kommunar hadde over 80 prosent deltaking, og alle desse fire (Utsira, Fedje, Modalen, Kvitsøy) er kommunar med mindre enn 500 røysteføre innbyggarar, skriv SSB. 58 kommunar hadde ei deltaking på over 70 prosent - ingen av desse kommunane hadde meir enn 5000 røysteføre.

 

Web levert av CustomPublish