Fedje folkebibliotek held til bakom kommunehuset. Her har me noko for alle!

Fedje folkebibliotek held til bakom kommunehuset. Her har me noko for alle!

Fedje folkebibliotek

Her finn du opplysningar om Fedje folkebibliotek og gode lenker knytta til bibliotekrelatert informasjon. Biblioteket på Fedje ligg mellom skulen og kommunehuset.

Fedje folkebibliotek er eit kombinasjonsbibliotek med Fedje barne og ungdomsskule. I biblioteket finn du i tillegg eit stort utval bøker for born og vaksne. I tillegg finn du lydbøker, dvd, spel, aviser, tidsskrift, gratis datatenester og e-bøker. Dersom det er titlar du ikkje finn hjå oss, fjernlåner vi frå andre bibliotek.
 

Du kan leite i biblioteket sin bokbase, fornye utlån og reservere bøker på nettet sjølv! Du kan finne akkurat di bok – ikkje berre her på Fedje, men på alle biblioteka i Nordhordland. Også kan du få eit nasjonalt lånekort som gjeld alle bibliotek i heile landet.
 

Kva gjer du?
1) Gå på biblioteket og få det nye lånekortet.
2) Gå inn på biblioteket sin nettside via lenka ”Bibliotekets nettside” nederst og finn ut kor mykje fantastisk du kan låne her på Fedje!
3)Dersom du logger inn med lånekortnummer og pin-koden du fekk av Else, kan du sjølv reservere og fornye lån.

Linkar:

Fedje folkebibliotek si nettside

Fylkesbiblioteket i Hordaland

Kulturnett Hordaland

 

DIS (Databehandling i slektsforsking)

Norge i bilder

Lesehulen (barne og ungdomslitteratur)

 

Web levert av CustomPublish