Flybilete frå hamna

Etterkrigstida og slutten på industriepoken

Hamnetilhøva på Fedje har vore sentrale for eit livskraftig lokalsamfunn. Kyrkjevågen og Rognsvågen er dei beste hamnebassenga på øya. Her har næringsverksemdene i stor grad vore plassert. Som i mange utkantsamfunn er soga om livet og busetnaden først og fremst ei soge om arbeidet og næringsvegane, og her har Fedje opplevd store svingingar.

Flybilete - Husøyna, Rognsvågen og vidare nordover

Fiskeolje og fôr

Etterkrigstida på Fedje er prega av industrihistoria. I Rognsvågen etablerte Feie Tranfabrikk A/S seg med ein kvalstasjon, og tok imot spekk og bein av vågekval, samt brugdelever. Verksemda stansa i 1960-åra grunna råstoffmangel. I 1968 tok S/L Hordafisk til med produksjon av formjøl og fiskeolje. Storfor A/S tok over drifta i 1987, med fôr til oppdrettsanlegg og husdyr som hovudprodukt. Drifta tok slutt i byrjinga av 1990-åra.

Fryseriet, fiskebåt og fabrikken

Bjellandfabrikken og Fryseriet

Etter påtrykk av kommunen etablerte Chr. Bjelland A/S hermetikkfabrikk på Fedje i 1953. Sardinfabrikken vart raskt den største arbeidsplassen på øya og sysselsette mange kvinner. Fedje fryseri A/S starta opp i 1961. Dette var ein «servicestasjon» for fiskarane på Fedje, med mottaksanlegg for fisk. Etter kvart vart dette anlegget eit viktig slakte- og pakkeanlegg for oppdrettsnæringa. Fedje Havprodukter vart oppretta i 1987, men slo seg etter kvart saman med fryseriet under paraplyen Feie Røykeri. I 1995 vart dei siste King Oscar-sardinane lagt i boks på Bjelland-fabrikken. Etter kvart (i 1997) overtok Havstad Tinn lokalane. Tinnstøyperiet hadde flytta produksjonen sin for å auka produksjonskapasiteten, og skapte viktige arbeidsplassar på Fedje. I 2008 vart hovudproduksjonen flytta attende til Nesodden, og etter den tid har tinnsmed Sveinung Havstad berre hatt poleringsarbeid på Fedje. 31. august 2008, på andre sida av Uthaugsundet, brann bygget til Feie Røykeri og skadane vart omfattande. Drifta kom aldri i gang igjen, og med det var det slutt på den industrielle fiskeforedlinga på Fedje.

 

Fedje Mekaniske Industrier eller Kleppe Stål før i tida

Stål og mekanisk industri

Fedje mekaniske industrier har sidan starten i 1980 overlevd svingningar i marknaden og fram til 2016 vore ei hjørnesteinsbedrift. Dei overtok  etter bedrifta Kleppe Stål A/S (etablert i 1971), som gjekk konkurs som følgje av konjunktursvingningar i bransjen. Kleppe Stål bygde sine lokale i Rognsvågen. I byrjinga var det berre eit par mann som var tilsett, men talet auka utover syttitalet. I 2015 arbeidde det 16 personar på Fedje mekaniske industrier.

Web levert av CustomPublish