Opne armar for deg som vil skapa noko - både lokalt og regionalt!

Etablerarhjelp

Sit du med ein idè, men veit ikkje heilt korleis du skal realisera den? Eller er du på veg, men treng råd og støtte? Det er mange som ønskjer å hjelpa deg på vegen! Ta eit steg vidare i dag!

Opne dører på kommunehuset

Fedje Blåsølv - hvit bakgrunn.jpg

Fedje kommune arbeider for deg som bur på Fedje. Me ønskjer å vera tilgjengelege for våre innbyggarar og for deg som har ein god idè. Difor er det berre å ringa, senda e-post eller kome innom kommunehuset for ein prat. Rådmann Ingebjørg, ordførar Stian og samfunnsutviklar Even står klare til å hjelpa deg!

 

Me kan tilby:

  • Etablerarrettleiing: Kva skal til for å setja din idè ut i livet? Me kan rettleia deg i prosessen frå idè til lansering.
  • Rådgjeving: Treng du råd på vegen? Spør oss! Om me ikkje kan svara sjølve, så veit me kven som kan hjelpa deg.
  • Vidareformidling: Me set deg i kontakt me dei rette folka som kan hjelpa deg enno eit steg vidare i prosessen!

Ein idè kan vera meir eller mindre modna. Om du har eit brennande ønskje om å realisera noko, medan ideen framleis er uklar - ikkje ver redd for å ta kontakt!

 

Even Vaular (samfunnsutviklar): 56 16 51 57 / even.vaular@fedje.kommune.no

Ingebjørg Vamråk (rådmann): 56 16 51 06 /  ingebjorg.vamrak@fedje.kommune.no

Stian Herøy (ordførar): 56 16 51 12 / stian.heroy@fedje.kommune.no

 

 

Region Nordhordland - rettleiing, kurs og relevante møteplassar

Region Nordhordland har ei rekkje tilbod til etablerarar.

Region Nordhordland - logo.jpg

 

Dei kan tilby:

  • Gratis etablerarrettleiing
  • Grunnkurs i etablering (12 timar) haust og vår
  • Ulike temakurs for gründerar og næringslivet generelt
  • Etablerarverkstaden - gratis kurs i etablering over ca. 30 timar. Stad: Nordhordland Næringshage på Mastrevik torg, Austrheim
  • Temakveldar for etablerarar: Nettverksbygging, fagleg påfyll og sosialt samver med likesinna
  • Gründergrupper: gje og få idear og innspel, og utvikl verksemda di i lag med andre

Kurs og samlingar vert annonserte. Følg med på www.nordhordland.net, eller ta kontakt med næringskonsulent Kari Evensen Natland i Region Nordhordland!

Tlf: 56 37 58 86

E-post: kari@nordhordland.net

Web levert av CustomPublish